Rom og prisar

Hotellet har åtte doble soverom og eit anneks, som tidligare var kårboligen. Eit avgrensa tal overnattande gjev intimitet mellom gjest og vertskap, og personleg service. Me ynskjer å gje gjestene våre ei hotelloppleving med utgangspunkt i dei tradisjonane som er knytt til staden. Romma har difor historisk preg, men moderne bad med toalett og dusj. Frukost er inkludert i alle romprisane. Alle soveromma på hotellet har tregolv og er difor allergivenlege. Dyr er ikkje tillatt, med unntak for nyttehundar. Romma ligg i andre etasje, og hotellet har diverre ikkje heis.

Insjekk er mulig frå kl. 15:00.

 

Dobbeltrom

2395 NOK/natt

Kapasitet: 2 voksne

Dobbeltseng (150 cm)

Komfortable rom for to personar med lun atmosfære og moderne bad. Alle romma er ulike med forskjellig innreiing.

 

Deluxe Dobbeltrom

2595 NOK/natt

Kapasitet: 2 voksne + barneseng

Dobbeltseng (180 cm)

Oppgrader til eit større rom vendt mot hagen. Her er det i tillegg moglegheit for ekstraseng eller barneseng.

 

Rom nr. 7

1895 NOK/natt

Kapasitet: 2 voksne

To separate enkeltsenger (80 cm og 90 cm)

Dette rommet har sjarm og særpreg, med heile to bad! På rommet er det tilhøyrande WC. I tillegg disponerar du eit privat bad med dusj, utanfor rommet.

 

Rom nr. 5

2695 NOK/natt

Kapasitet: 2 voksne + 2 barn

Dobbeltseng (160 cm)

Sovesofa (140 cm)

Frå gamalt vart dette rommet kalla Brudesuiten. Dette er difor vårt mest staselege og største rom, med moglegheit for sovesofa og barneseng.

 

Annekset

Kapasitet: 6 voksne

Annekset er den tidlegare kårboligen, med noko enklare standard. Her er det enkeltsenger på romma, og felles bad på gongen. Høver difor for dei som er gode vener eller i familie. Bur du i annekset får du sjølvsagt tilgong til fellesareala på hotellet, samt frukostservering i matsalen. Ta kontakt for meir informasjon og bestilling av rom i annekset.

Avbestilling

Du kan avbestilla din reservasjon kostnadsfritt seinast 4 dager før ankomstdagen. Eventuelle allergiar og spesielle behov må sendast skrifteleg til hotellet seinast 2 dager før ankomst.

Ved gruppebestilling må navneliste, kontaktinformasjon på gruppeleiar, eventuelle allergiar og spesielle behov sendast skrifteleg til hotellet seinast 14 dager før ankomst. Alle endringar må sendast skrifteleg til Husum Hotel. Eventuell økning av antall rom må bekreftas av Husum Hotel. Eventuell avbestilling må skje 14 dager før ankomstdato.