Om Husum Hotel

 

Fotograf: Knud Knudsen - Eigar: Billedsamlingen, UBB

Husum Hotel er ein typisk representant for den klassiske sveitsarstilen som dominerte byggjeskikken i Sogn på slutten av 1800-talet. Særleg hotellbygg blei sterkt påverka av denne stilarten. Fleire av desse hotella er fortsatt i drift. Det er likevel få som har teke vare på si opprinnelege form i samme grad som Husum. Skysstasjonen vart oppført i 1835, og fekk status som fast skysstasjon i 1850. I stallen hadde Husum plass til sju hestar, og i høgsesongen var det bruk for 10-12 skysshestar. Postferdsla vart knytt til skysstasjonen i 1858, og frå omlag 1860 kom også telegrafen hit. For å drifta det utvida kommunikasjonstilbodet bygde dei eit eige hus til post og telegraf. Dette er i dag den private boligen på Husum.

Fotograf: Knud Knudsen - Eigar: Billedsamlingen, UBB

Den tidlegare kårboligen vart bygd i 1870, og i 1887 vart hovedbygget utvida. Då bygde dei den store spisesalen, fleire soverom og verandaer med den typiske sveitsarstilen. Hotellet har på det meste hatt 40 sengeplassar, i tillegg til spisesalen der ein kan dekka til 60-70 gjester ved større arrangement. Restaureringsarbeid som seinare er gjennomført ved hotellet har lagt vekt på å ta vare på det opphavelege preget ved bygningen. Hotellet er tidlegare tildelt Olavsrosa, som er eit kvalitetsmerke for opplevelsar basert på kulturarven. Salongane på Husum ber preg av mange helsingar frå gjester som har sett pris på opphaldet sitt her. På veggen heng det til dømes signerte portrett av Bjørnstjerne Bjørnson og Gerhard Munthe. Gjesteboka viser også at Edvard Grieg, Thomas Fearnley og Ole Bull har fått mat og kvile på Husum Hotel.

Fotograf: Normann

Husum Hotel ligg idyllisk til ved breidda av den kjende Lærdalselvi, og sportsfiske etter laks har lange tradisjonar på Husum. Fiskeglade engelskmenn kom til Lærdal i siste halvdel av 1800-talet. Dei fiskarane som leigde rettar i øvre del av Lærdalselvi valde som regel å bu på Husum Hotel. På hotellet heng det mange døme på trofélaks - som minne om gode fangstar. Husum har ikkje ope for gjestar om vinteren. Sesongen startar vanlegvis i mai og strekker seg mot slutten av september. Utanom den travlaste turistsesongen midt på sommaren er hotellet mykje brukt til konfirmasjonar, bryllaup og andre festlege arrangement.

Tekst av tidligare og noverande eigarar av Husum Hotel.