Ei historisk oppleving

Hotelldrifta skriv seg frå 1835, då staden blei driven som skysstasjon. Me ynskjer å gje gjestene våre ei hotelloppleving med utgangspunkt i dei tradisjonane som er knytt til staden. Om kvelden kan du sitja på ein av dei overbygde verandaene, sjå sola gå ned, lytta til suset frå Lærdalselvi og drøyma deg litt vekk - om livet på garden og dei vegfarande som har reist forbi Husum gjennom hundreåra…

 
 

Sjå video her

 

Rom og prisar

Hotellet har åtte doble soverom med lun atmosfære, moderne bad og tradisjonsrik innreiing. I tillegg tilbyr me eit anneks med fem soverom.

 
 

Opplevingar

Ynskjer du å oppleve fjell, fjord og kultur medan du besøker oss? Sjå dei mest populære attraksjonane og aktivitetane i nærområdet.